Kva skjer?

 

2. juledag: Grendecup

Laur 27.12.: Romjulsdans i idrettshallen

Heim Epost Sidekart Sette startside
| Ebillett

Juletrefest på Fagerheim 29.12.14

Skodje sogelag - stor aktivitet

Husmannsplassen "Kvennabakken".

Skodje sogelag er aktiv på fleire område.

Sidan 70-talet er det blitt utgitt årlege sogehefte, og siste åra har laget stått for mange bygdevandringar, seinast 23. september 2012 på Fylling.

I samarbeid med Skøye Teaterlag blei forestillinga "Mykje soge - noko loge" sett opp i kulturveka 2011. Responsen var så god at reprisen kom laurdag 15. september under SkodjeDagane 2012.

Harald Vågene har medverka til at Skodje sogelag har  fått ei spennande heimeside. Her kan vi lese om årsskrifta, bygdevandringane og mykje anna. Dei gode biletsamlingane er også verd å bruke tid på, anten ein vil sjå gamle bilete, flyfotografi frå rundt 1960, eller dagsaktuelle hendingar som dokumentasjon av bygdevandringa på Fylling.

Her finn du link til Skodje sogelag si heimeside.

Jentekolonien - eiga heimeside

Jentekolonien er Skodje Lions sin møtestad.

Eigedomen ligg midt i Skodje sentrum, og vert brukt både til utleige og offentlege kulturarrangement.  Private,  barnehagar og andre bruker parken mykje til rekreasjon. 

Jentekolonien har fått eiga heimeside.

Vi kan m.a. lese om historia, sjå fine bilete og bli informert om høve til leige av huset.

Ansvarleg for heimesida er Harald Vågene.

Her er link til Jentekolonien si heimeside

Storslått innviing av nytt flygel

Søndag 21.10.12 heldt vi konsert med det nye Petrof-flygelet på Gomerhuset.

Marc Labruijere hadde sydd saman eit variert og strålande program, der yndlingen frå Norske Talenter, David Sewerin, både opna og avslutta konserten.

Pianistane var stålande fornøgde med Petrof-flygelet, både med klang og respons på anslag.

Givaren, Oscar Muldsvor, kunne dessverre ikkje vere til stades. Men ordføraren brukte høvet til å oppmode publikum om å underteikne eit takkebrev han hadde forfatta. 

Eli Marita Håker Holm spelte og song.Viviane Lecot song vakkert, akkompagnert av Eli Marita Håker HolmDavid Sewerin opna og avslutta konserten, og sjarmerte publikum.Skodje blandakor song m.a. Bohemian Rapsody.Marc Labruijere hadde sydd saman programmet. Her frå eitt av solostykka hans.Ai-Ling Chiu og Tor Øyvind Hummelsund framførte Suite Italienne for fiolin og klaver.

Opningstider på biblioteket

Skodje bibliotek har ope 5 dagar i veka.

Opningstidene er:

Måndag: 12.00 - 16.00

Tysdag: 12.00 - 19.00

Onsdag: 12.00 - 16.00

Torsdag:12.00 - 19.00

Fredag: 12.00 - 16.00

Gomerhuset for alle – med rammer og reglar

Vi ser at Gomerhuset verkeleg er blitt det vi hadde ein visjon om: ein stad for øving, trening og gode opplevingar.

Nytt trimrom på Gomerhuset

Styrketreningsutstyret er på plass.

Takk til Sparebanken Møre som ga pengar øyremerka til dette føremålet!

No håper vi at mange vil finne seg til rette og bruke trimrommet på Gomerhuset.

n_kkelkontrakt_trimrom.doc

Velkomen til Gomerhuset

 

Gomerhuset på Skodje representerer ei målretta kommunal satsing på trivsel, identitet og eit godt liv. Det blir ein arena for aktivitet, opplevingar og sosialt samvær vi knapt ser makan til nokon stad.

Den offisielle opninga skjedde laurdag 23. oktober. Då hadde vi flott konsert med m.a. bygdas store son, Magne Fremmerlid, på scena.

Den same Magne Fremmerlid blei tildelt Skodje kommune sin kulturpris under konserten med Ålesund kammerkor søndag 24. oktober. 

| Meir

OM GOMERHUSET
Vil du vite kven Gomer var? Klikk her for å vite meir om bakgrunnen for Gomerhuset.

STØTT GOMERHUSET
Pengegåver til Gomerhusetkan førast på konto:3910.23.8968
2

 

 

VÅRE SPONSORAR:

Valle Rør støttar Gomerhuset

FolkeWeb CMS og Design: Osberget AS

 

Alt innhald er opphavsrettslig beskytta - Gomerhuset