Kva skjer?

6. - 9. august: Fjord Cadenza 2015

23. aug kl 19: Blue Horn Jazzband m/Marilyn Keller (USA)

Heim Epost Sidekart Sette startside
| Ebillett

Blue Horn Jazzband på Gomerhuset søn 23. august kl 1900-2030

Gjesteartist er Marilyn Keller frå USA.

Det blir "Traditional Jazz & Gospel Konsert".

Bill kr 200 + avg. (Kan kjøpast digitalt på Billettbestilling eller i døra ein time før konsertstart).

Fjord Cadenza-festivalen 6.-9. aug 2015

Årets fantastiske Fjord Cadenza festival vert arrangert i perioden 6.-9. august! Vi er svært glade for å kunne utvikle festivalen vidare og invitere til ein ny festival med eit program som har stor breidde og eit høgt kunstnarisk nivå!

Festivalen sin mangeårige kunstnarisk leiar Rune Bergmann er stolt av å presentere Jan Magne Førde som årets festivalkomponist. I tillegg vil Hilde Louise Asbjørnsen «in symphony» bli eit av høgdepunkta.

Vi er også svært glade for at Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen tek turen tilbake til Skodje. Den musikalske trollmannen Kenneth Ekornes vil elles står for årets familieframsyning.  Visjonen om at unge talent skal få utikle seg i samspel med profesjonelle står fast, og også i år vert samarbeidet med Ålesund Orkesterskole vidareført.

Meir informasjon på Fjord Cadenza si heimeside

program_fjord_cadenza_2015_no_a4.pdf

Invitasjon til SkodjeDagane 2015

Skodje skulekorps inviterer til salsmesse i Gomerhuset i Skodje sentrum laurdag 19. og søndag 20. september.

Interesserte utstillarar kan ta kontakt med Olaf Thurley Skrøppa, tlf. 952 59 296 eller Anne Mette Mykland, tlf. 959 47 711 for informasjon og påmelding.

Vi vil legge til rette for ei spanande messehelg, med variert program og underhaldning for ein kvar smak.

Arrangør: Skodje skulekorps

SkodjeDagane 2015: Loppemarknad 19.-20. sept på Gomerhuset

Ope: 12:00-18:00 begge dagar

Skodje skulekorps treng lopper!

Loppemarknad er arenaen for gjenbruk – her kan du levere lopper eller finne nye skattar.
Vi tek i mot det meste av ting og tang, så sant det er brukande og enkelt å handtere.

Lopper kan leverast på Gomerhuset, Skodje fredag 18. september frå kl. 18:00

Har du lopper, men treng hjelp til å frakte dei, kan du ringe vår kontaktperson Knut Perry Græsdal på mobiltelefon: 975 12 114

Arr.: Skodje Skulekorps/ SkodjeDagane 2015.

Harpekonsert i Skodje kyrkje 26. juni

Annette Sollie Hagen vaks opp på Valle, men er no busett på Valderøya.

Fredag 26. juni kl 19.30 vert det harpekonsert i Skodje kyrkje. Denne kvelden får ein ikkje oppleve berre ei-, men to harper. Det er harpistane Ellie Choate frå California og Annette Sollie Hagen frå Valle som skal spele. Dette blir fyrste gong ein får oppleve ein harpeduo i Skodje kyrkje, og ein vil få høyre både duettar og solostykke.

Gratis inngang - kollekt ved utgangen. Overskotet går til bygging av kyrkjestove i Skodje.

Opningstider på biblioteket

Skodje bibliotek har ope 5 dagar i veka.

Opningstidene er:

Måndag: 12.00 - 16.00

Tysdag: 12.00 - 19.00

Onsdag: 12.00 - 16.00

Torsdag:12.00 - 19.00

Fredag: 12.00 - 16.00

Gomerhuset for alle – med rammer og reglar

Vi ser at Gomerhuset verkeleg er blitt det vi hadde ein visjon om: ein stad for øving, trening og gode opplevingar.

Velkomen til Gomerhuset

 

Gomerhuset på Skodje representerer ei målretta kommunal satsing på trivsel, identitet og eit godt liv. Det blir ein arena for aktivitet, opplevingar og sosialt samvær vi knapt ser makan til nokon stad.

Den offisielle opninga skjedde laurdag 23. oktober. Då hadde vi flott konsert med m.a. bygdas store son, Magne Fremmerlid, på scena.

Den same Magne Fremmerlid blei tildelt Skodje kommune sin kulturpris under konserten med Ålesund kammerkor søndag 24. oktober. 

|

OM GOMERHUSET
Vil du vite kven Gomer var? Klikk her for å vite meir om bakgrunnen for Gomerhuset.

STØTT GOMERHUSET
Pengegåver til Gomerhusetkan førast på konto:3910.23.8968
2

 

 

VÅRE SPONSORAR:

Valle Rør støttar Gomerhuset

FolkeWeb CMS og Design: Osberget AS

 

Alt innhald er opphavsrettslig beskytta - Gomerhuset